Quantcast
Channel: boba.no – Boba.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11

Framtida for Boba.no

$
0
0

Etter lang tids uinteresse og forsvinnande lite tid utafor arbeid, har veven min vorte nedprioritert. Eg har lengje tenkt med meg sjølv at viss eg får tid, så har eg lyst å gjera noko med veven. Men kva?

Det er sikkert ikkje dumt å laga ein plan for kva som skal gjerast, for då vert det lettare å gjera det. Så her er stikkord eg har tenkt på:

  • Finna eller laga ny bunad.
  • Gjera ein heilt fersk installasjon av WordPress, og overføra innhald utan skrot
  • Setja meg klåre mål for bloggen. Gjera den meir «dagbokaktig»? Køyra på med faste teigar? Gå heilt vekk frå gammalt innhald og laga ein ny blogg? Må fundera litt på denne. Og, er det nokon som bloggar lenger når me no snart skriv 2012?
  • Omstrukturera heile /film/… (WordPress er for dårleg egna til det eg ynskjer her. Det kan difor henda eg vil starta med blanke ark og programmera heile greia på nytt, åtskild frå WP)
  • Få på plass manglande info i filmdatabasen, leggja inn manglande omslagsbilete osb.
  • Gjer meir ut av stuttblogging.

Men så var det dette med tida som ikkje strekkjer til, då… Det endrar seg snart!


Viewing all articles
Browse latest Browse all 11