Quantcast
Viewing latest article 4
Browse Latest Browse All 11

Søkjeord i 2012

Det er gått eit år sidan eg sist gløtta i vitjingsstatistikken for bloggen. Har ting endra seg frå søkjeorda i 2011? Lat oss ta ein titt! Fjorårets plassering i parentes.

  1. norske flagg (opp frå 10.)
  2. muggsopp (ned frå 1.)
  3. barney stinson (nytt ord!)
  4. haisommer (ned frå 2.)
  5. rengakaka (opp frå 7.)
  6. hatt (same plassering)
  7. martin (ned frå 3.)
  8. grev dracula (nytt ord!)
  9. ekte vampyr(nytt ord!)
  10. mannen med ljåen (ned frå 8.)

Orda som går ut av topp ti-lista over mest brukte søkjeord på bloggen, er «valuttakalkulator» og «dass». Ordet «vampyr» ramla også ut, for no søkjer folk etter the real deal ser det ut som!

Nytt av året er at folk er flinkare til å bruka tenester som skjuler søkjeorda sine (til dømes Duckduckgo.com). Veldig bra for dei, men litt dumt for vevanalyse. Eg får til dømes langt fleire treff på innlegget Kule TV-figurar enn søkjeordet «barney stinson» tilseier. Sjølv om søkjet «spotify for linux» er langt ned på søkjetreffa, er innlegget Ny prøveversjon av Spotify for Linux høgt oppe på lista over vitja sider. Også innlegget Topp ti fagre kvinner frå Star Wars finst høgt oppe på lista, men er heilt fråverande frå søkjetreffa.

Følg med, eit meir interessant innlegg kjem plutseleg!


Viewing latest article 4
Browse Latest Browse All 11